Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

Undervisningsstilling- Helse og oppvekstfag – Høyanger vgs

Undervisningsstilling – Helse og oppvekstfag – Høyanger vgs

Høyanger vidaregåande skule ligg sentralt i Høyanger like ved riksveg 55. Vi held til i eit moderne og nyleg oppussa skulebygg. Skulen er lokalisert like ved sentralidrettsanlegget til Høyanger kommune. Skulen tilbyr både studiespesialiserande og yrkesfagleg utdanning. Vi tilbyr også grunnskuleopplæring for minioritetsspråkelge i samarbeid med Høyanger kommune. Skulen har omlag 150 elevar og 26 pedagogisk tilsette.

Skulen har frå 01.08.2019 ledig 100% fast stilling innafor programområde Helse og oppvekstfag.

Arbeidsoppgåver:
Undervisning i programfaga på vg1 Helse- og oppvekstfag, du må pårekna å vere kontaktlærar.
Vere ansvarleg for, og følgje elevar i utplassering i yrkesfagleg fordjuping.
Vere karriererettleiar for elevane på Helse – og oppvekstfag og delta i nettverk med lokale bedrifter som skulen har samarbeid med.

Kvalifikasjonar:

Minimum 3 årig relevant høgskuleutdanning med PPU eller 3 årig Yrkesfaglærarutdanning i helse og oppvekst
2 års praksis frå relevant fagområde
Digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer ein løysingsorientert kollega med gode samarbeidsevner og vilje til å utvikle faget i team og nettverk for å nå felles mål.
Det er viktig at du er reflektert og tydeleg i møte med elevane.
Skulen er opptatt av å utvikle gode haldningar og verdiar hos både elevar og tilsette, du må difor vere ein god rollemodell i din kommunikasjon med elevane, kollegaer og samarbeidande bedrifter

For stillinga gjeld:
Løn etter gjeldande regulativ
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Nærare opplysningar får du ved å ta kontakt med:

rektor Torill Thorbjørnsen torill.thorbjornsen@sfj.no tlf 57 63 77 87 / 415 30762 eller

avdelingsleiar yrkesfagleg utdanningsprogram Ståle Walsvik stale.walsvik@sfj.no tlf 57 63 77 81 / 993 98 989

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.hoyanger.vgs.no

Søknadsfrist: 28.april 2019

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord