Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

Kulturskulelærar i teater og skapande skriving

Kulturskulelærar i teater og skapande skriving

Hyllestad og Fjaler kulturskule har ledig ei prosjektstilling på inntil 20 % som lærar i teater og skapande skriving.

Kulturskulen lyser ut ei prosjektstilling på inntil 20 % som lærar i teater og skapande skriving i Hyllestad og Fjaler. Kulturskulen ønskjer å tilby teater/drama og skapande skriving i begge kommunane.

Hyllestad og Fjaler kulturskule har om lag 200 elevar og 6 årsverk fordelt på 9 tilsette. I både Hyllestad og Fjaler er det starta bygging av nye lokaler, med egna rom for dans, der kulturskulen vil samle mykje av si undervisning. Undervisninga vil foregå kommunesentra på Hyllestad og i Dale i Sunnfjord. Kulturskulen har tilbod innan musikk-, dans- og kunstfag, og er eit lokalt ressurssenter som yter tilbod til heile befolkninga frå 0 til over 100 år.

Arbeidsoppgåver

Lærar i teater og skapande skriving.
Ansvar for gjennomføring av forestillingar og prosjekt i samarbeid med forldre og andre lærarar i kulturskulen.

Kvalifikasjonar

Høgskuleutdanning, helst bachelor innan teater/drama.
Søkar må ha førarkort kl. B, disponere eigen bil og ha gode norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du har eit fagleg engasjement, og evne og lyst til å jobbe med barn og ungdom.
Det er krav om godkjent politiattest for stillingar i kulturskulen før tiltreding.

Vi tilbyr

Løn i følge tariff.
Tilsettingsvilkår, rettar og plikter i tråd med lov, føresegner og avtaleverk.
God pensjonsordning i KLP, 2 % vert trekt frå løn til denne ordninga.
Godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer.

Søknadsfrist 1.mai 2019.

Søknad

Velkomen som søkjar til stilling i kulturskulen!

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord