Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Kommunalsjef helse og omsorg

Høyanger kommune har følgjande stilling ledig:

 

Kommunalsjef helse og omsorg

Ledig stilling frå januar 2021.

Tenesteområde helse og omsorg har einingar for heimebaserte tenester, fysikalsk og (re)habilitering, barnevernsteneste, legeteneste, helsestasjon og to sjukeheimar. Totalt er det i tenesteområdet omlag 200 tilsette. NAV er også organisatorisk plassert i tenesteområdet.

Vi søkjer deg som har helsefagleg og/eller høgare økonomisk/administrativ utdanning gjerne med leiarerfaring og som ynskjer ein interessant og spennande leiarstilling. Stillinga inngår i rådmannen si leiargruppe og rapporterar direkte til rådmann.

Vil du vite meir?

Ta kontakt med rådmann Kjellaug Brekkhus tlf 95 25 77 25 eller personalsjef Arnvid Hovland, tlf. 99 20 64 57.

Sjå fullstendig utlysning og elektronisk søknad via kommunen si heimeside www.hoyanger.kommune.no

 

Søknadsfrist: 22.11.2020

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord