Det melder Bergens Tidende på sine nettsider.
– Den største er på høgde med toppen på eit bilpanser. Det er passering på staden og entreprenør i nærleiken, seier Tom Erik Englaugstad i Vegtrafikksentralen til Bergens Tidende. Verken bilar eller personar er ifylgje Englaugstad trefte av steinane. NRK melder også at det har gått minst fire ras i Vestland på kort tid, og det er meld om flaum og skred fleire stader. I Årdal held skulane stengd i dag.