Statsråden opna Balholm sitt nye produksjonsanlegg


-Balholm har fått eit flott anlegg, og det at dei har våga å investere og vidareutvikle tykkjer eg er veldig bra, sa landbruks – og matminister Olaug Bollestad etter opninga.

Fredag var statsråden på besøk i Balestrand der ho med tang og eplesnor stod for den offisielle opninga av Balholm sitt nye produksjonsanlegg. Ei investering med ei kostnadsramme på rundt 16 millionar kroner.

-Det å vidareutvikle og få nye produksjonsmåtar er viktig. Det er noko marknaden vil krevje, i tillegg til at det Balholm held på med også skal bere seg, sa landbruks -og matminister Olaug Bollestad til Ytre Sogn.

Byggjeprosjektet starta i januar i 2019 og er ein milepæl for Balholm som i 20 år har arbeidd med fruktdyrking og foredling av eplemost og bærmost i ulike variantar.

Heile investeringa i bygg og maskiner har kvore ein føresetnad for at Balholm no kan produsere stabile kolsyrehaldige drikkevarer og vekse vidare.Produksjons- og lagerkapasiteten er vesentleg auka, og dei har fått eit oppgradert
og miljøvennleg anlegg.

I tillegg til å opne nyanlegget til Balholm, delte statsråden også ut Matskattstipendet 2020. Det skjedde på Kviknes Hotel før på dagen, på MENY si samling for lokalmatprodusentar. Etterpå gjekk turen vidare til Njøs Frukt- og bærsenter og Lerum Fabrikker.

Les meir i neste Ytre Sogn!