Statkraft er positive til flytting av vegbom


Statkraft er positive til flytting av bom på anleggsvegen til Nedre Breidalen i Høyanger.

Det går fram av svarbrevet frå Geir Orrestad, sjef for kraftverksgruppa deira i Sogn, til Høyangerordførar Petter Sortland. Som Ytre Sogn fortalde sist veke har han bedt om eit snarleg møte med Statkraft om flytting av vegbom i Breidalen, slik at fleire kan få tilgang til det fotte turområdet. I dag er det berre kraftselskap, entreprenørar, grunneigarar og hytteeigarar som fritt kan nytte vegen opp i dalen.

- Dette er ei sak som tidlegare har vore handsama av oss, og Statkraft si innstilling står framleis ved lag. Vi er positive til flytting av vegbom, skriv Orrestad og peiaer på at noverande plassering av bom ikkje er for å ivareta deira interesser.

- Så for vår del kan bommen flyttast heilt, slik at dagens parkeringsplass under dam Nedre Breidalen kan nyttast.

Med grunneigarar

Statkraft ser det imidlertid som viktig i den vidare prosessen for å opne vegen for fri ferdsel at interessene til grunneigarane blir ivaretekne, og at dei får ein god dialog.

- Vi kan delta på møte med Høyanger kommune for å drøfte saka, men ønskjer at også representant for grunneigarar blir med.

Når det gjeld standarden på anleggsvegen viser Statkraft til avtale med grunneigarar frå juni i 1995, om at dei vedlikeheld den slik at den er framkomelig med personbil.

- Vi vil halde noverande standard og utføre vedlikehald som dekker transportbehova våre for å få utført nødvendig tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg i Nedre Breidalen.