Solnipavegen offisielt opna


Etter eit drygt år med arbeid er no Solnipavegen på Søreide offisielt opna. Med det har innbyggjarane i og rundt bygda på Høyanger sørside fått ei ny ferdselsåre opp på fjellet, men vegen er ikkje heilt ferdig, sjølv om den no er formelt opna.
Arbeidet med Solnipavegen tok til i mai 2017, og vart offisielt opna under Solnipadagen laurdag. Vegen er per i dag 7,2 kilometer lang og går til tunnelinnslaget ved Rustelvane, ein del av nye Østerbø kraftverk. Men entreprenøren Maskinfirma Henry Solheim frå Lavik har 1,6 kilometer igjen før vegen står endeleg ferdig. Den eksisterande vegen skal også utbetrast og stellast til på einskilde stadar.

– Arbeidet har stort sett gått etter planen, men ein røff vinter med mykje snø og vind har gjort til at vi brukte litt lengre tid på å nå fram til tunnelinnslaget enn vi hadde tenkt.

Godt samarbeid

I sine talar framheva både Henry Solheim, produksjonsdirektør Ola Lingaas i Sogn og Fjordane Energi, og grunneigar Geir Helge Østerbø det gode samarbeidet som har vore mellom utbyggarane til Østerbø kraftverk og dei lokale grunneigarane.

Les meir om vegopninga og Solnipadagen i papirutgåva av Ytre Sogn