Sogn Aqua får ikkje seld fisken


Kveiteoppdrettar Sogn Aqua i Ortnevik får ikkje seld noko av fisken.


- Vi sel vanlegvis til hotell og restauranter.Omlag halvparten av fisken går til den norske marknaden, resten til det utanlandske. Men no er det full stopp.
Det seier kvalitetssjef Ole-Kristian Hess-Erga i Sogn Aqua til Bergens Tidende, som først omtala saka.


Selskapet driv med landbasert oppdrett av kveite, og har no 280 000 kveiter i anlegget sitt på Høyanger sørside. Kvar veke framover skulle dei ha slakta fire tonn fisk, men då hotell og restaurantar stengde som følgje av kornonakrisa, forsvann også marknaden. 


- Førebels held vi fisken i anlegget, men før eller sidan må vi slakte ut, seier Hess-Erga til avisa, og håpar marknaden gradvis vil ta seg opp.


- Eit alternativ er å selje til daglegvarebransjen, men det er avgrensa kor mykje dei kan ta.

Selskapet har til no unngått permitteringar, og ifølgje dagleg leiar Jan Arne Brekke er dei ikkje eit alternativ for å spare pengar.

- Vi er heilt avhengige av alle som steller med fisken og passar på at alt det tekniske fungerer, døgnet rundt, seier han til Bergens Tidende.