Snart klart for nyopning av Kaia Buldresenter


– Vi har store forventingar til at aktiviteten no skal ta seg opp att, seier Robert Breidvik og Ole Johan Torsnes i Høyanger Klatreklubb.

Denne hausten har Kaihuset i Høyanger, der klatreklubben har treningsanlegget sitt, blitt pussa opp for rundt ein million kroner. Det er kommunen som eig det rundt 100 år gamle bygget, og difor har teke kostnadane med det. Snart er arbeidet ferdig, og i januar inviterer klatreklubben til nyopning. Sjølv har Robert Breidvik, Ole Johan Tornes og andre medlemmer lagt ned rundt 200 dugnadstimar til no, og reknar med at det blir 100 til før nyopninga

Men innan den tid må blant anna nye ruter setjast i buldrerommet oppe i 2.etasje, og i helga hadde dei besøk av Martin Mobråten frå Norges Klatreforbund, som held kurs i dette. Han hjalp dei med å setje opp ruter med i alt seks ulike vanskegrader, der gul er enklast og kvit vanskelegast.

– Han hjelper oss i gang med rutene, og så jobbar vi vidare med dei etterpå, seier Breidvik og Tornsens, som er leiar og nestleiar i klubben, om det som blir ei stor forbetring i høve til tidlegare.

– Difor har vi også store forventningar til at bruken no vil ta seg opp, både av nye og gamle medlemmer, seier dei og viser til at Høyanger har hatt eit aktivt klatremiljø sidan 90-talet. Den gong hadde klubben rundt 70 medlemmer. Vi håpar å bli like mange no, kanskje endå fleire. Tilhøva ligg i alle fall til rette for det, no som buldrerommet blir meir tilpassa alle grupper, både born, ungdom og vaksne.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Høyanger Klatreklubb flytta inn i Kaihuset i Høyanger i 2006.