Slo Førde i to kampar


Høyang starta oppkøyringa til innebandysesongen med å slå Førde i to kampar.

IL Høyang sitt seniorlag i innebandy møtte Førde til to kampar i Høyangerhallen, og vann begge. IL Høyang sitt seniorlag i innebandy møtte Førde til to kampar i Høyangerhallen, og vann begge.

-Dette skulle eigentleg vore første serierunde, der vi, Førde og Florø skulle møtast til kampar oss i mellom. Men på grunn av vegstenginga mellom Florø og Førde etter av raset som gjekk, var det berre laget frå Førde som kunne stille i Høyangerhallen laurdag. Så vi vart samde med dei om å spele to kampar, der ingen vart teljande, noko som gav oss ein fin moglegheit til å prøve ulike lagsamansettingar og teste ferdigheitane, seier Tor Aleksander Dale, leiar for IL Høyang si innebandygruppe, til Ytre Sogn.

Den første kampen vann heimelaget 6-1, etter mål av Daniel Sundseth (2), Andreas Forfod (2), Robert Aven (1) og Anders Moritsgård (1). Den andre kampen enda 5-4, også det i Høyang sin favør. Denne gong vart måla skåra av Tormod Rye (2), Andreas Forfod (2) og Anders Moritsgård (1).

Første ordinære serierunde er no flytta til 11. desember, i Førde.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!