Lokale nyhende frå Ytre Sogn 13. november 2019
Ytre Sogn 13. november 2019

Ferjekaien på Nordeide har til tider i sommar vore prega av store mengder boss frå Måren, som ikkje har fått plass i restavfallsdunken.

Slit med boss­kapasiteten

Journalist: Kyrre Fitje | Publisert: 22. juli 2019

Frå 1. januar 2019 har folk i Måren måtte betale renovasjons­abonnement til Simas. Trass dette må dei setje frå seg bosset sjølv i Ortnevik eller på Nordeide, og på Nordeide har dunkane vore overfylte. Simas forstår frustrasjonen som har oppstått, og ser på løysingar.

– Vi kan gjerne betale abonnementet, men då må vi sjå at Simas gjer ein innsats tilbake.

Det seier grendalagsleiar i Måren grendalag, Terje Ulvedal. Ulvedal bur i Førde, men er ein av dei som tilbringer store delar av somrane i Måren. Han fortel til Ytre Sogn at det er fleire som er frustrerte over situasjonen.

– Vi har i alle år vore nøydd til å ta med oss avfallet vårt ut av bygda. Det må vi fortsatt gjere, men no må vi betale for det.

Sist veke var det overfylt med boss i dunken på Nordeide, og Ytre Sogn møtte då fleire frå Måren som var frustrerte over situasjonen.

– Det er ikkje noko lås på dunken som står på Nordeide. Derfor kan kven som helst i praksis bruke vår dunk. I sommar har den vore overfylt nokre gonger, og det ser ikkje spesielt fint ut, seier Ulvedal.

Mary-Ann Måredal, som er busett i Måren, er heller ikkje nøgd med situasjonen slik den er i dag.

– Det er ikkje noko fint syn på Nordeide. Dagane før bosshenting flyt det boss utanfor dunken. Det er mykje måsar og andre dyr i området, og dei kan lett få tak i bosset å spre det utover store område, seier Måredal til Ytre Sogn.

Måredal presiserer sjølv at ho synes det er bra at bosset blir henta, men vil gjerne ha ei betre ordning.

– Kapasiteten på Nordeide må i det minste bli betre. Men helst ser vi at vi får ein bossdunk på kaia i Måren.

Om ein tar ferja tur-retur Nordeide eller Ortnevik frå Måren kostar det 83 kroner for ein vaksen. Ulvedal ser ikkje vekk frå at det er fleire som ser seg nøydd til å ta turen eins ærend med avfallet sitt om sommaren.

– Når det er større familiar i Måren over lengre periodar skal du ikkje sjå vekk frå at dei må ta ein tur over berre for å tømme bosset sitt.

Ikkje sortering

Slik situasjonen er i dag får bygdefolket i Måren heller ikkje sortert avfallet sitt. Dette då det berre er restavfallsdunk på Nordeide.

– Eg har sortert bosset mitt dei siste 20 åra, og tatt det med til Høyanger og kasta det der. Men no kan eg ikkje det lenger. No må eg kaste alt i dunken på Nordeide, og der er det berre éin dunk, seier Måredal.

– På Nordeide står det berre ein dunk, eg veit ikkje korleis det er i Ortnevik, men eg får ikkje sortert når eg reiser, forklarar Ulvedal, og held fram.

– For meg er ikkje situasjonen så gale. Eg kan berre kaste bosset når eg reiser til Førde, men andre tar ferja til Ortnevik når dei skal heim, og der står ikkje dunken på kaia. Den står oppe med kyrkja. Og dei som tek hurtigbåten til Vik har ikkje noko plass å leggje frå seg bosset.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord