Slagg inviterer til plateslepp


Fredag denne veka presenterer Jan Georg Nessen Baug og Rune Ølmheim sitt førebels siste bandprosjekt, Slagg, med plateslepp og konsert på Joss Pub i Høyanger.

– Det er kjekt å gjere noko i lag igjen, etter såpass lang tid, seier dei til Ytre Sogn.

Dei to har nemleg ei fortid i lag i bandet Monstrum, som var eit av fylkets mest populære liveband på 1970-talet, og dei var ute og spelte omtrent kvar fredag og laurdag i tre år, til vegane deira skiltest, og dei hamna på ulike kantar av landet.

– Vi møttest då han kom frå Florø til Høyanger for å gå på vidaregåande skule tilbake i 1974, og fann vel kvarandre med ein gong. Det tok i alle fall ikkje lang tid før vi var i gang med bandøvingar, seier Rune Ølmheim, og nikkar mot Jan Georg Nessen Baug.

–Men i byrjinga hadde vi ikkje råd til å kjøpe instrument. Løysinga vart at vi meldte oss inn i tensing-koret som var i Høyanger den gong, og tilbaud oss å spele for dei, mot at vi fekk bruke dei same instrumenta på bandøvingane våre, seier Baug.

Begge ler. Dei kom imidlertid aldri så langt som til å gje ut plate med Monstrum. Men det vert det no, med det nye bandet Slagg. Fredag vert det både plateslepp og konsert på Joss Pub i Høyanger.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!