Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Saman med leiar i Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening Lars Kjetil Skeie og fagleiar miljø for Høyanger Høyanger Sesilie Sleire var elevane på omvising hos bedrifta.

Skuleelevar skal finne gode løysingar for Hydro

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 18. november 2019

Hydro Høyanger ønskjer nye auge til å sjå på løysingar for dei. Det skal elevar som tek realfag på Høyanger vidaregåande skule no bidra med.

Torsdag føremiddag fekk elevane som er med i det såkalla Lektor2-samarbeidet først vite litt om Hydro Høyanger av fagleiar miljø Sesilie Sleire. Deretter presenterte ho oppgåva som går på problemstillingar knytt til avfallshandtering, og som bedrifta no ønskjer hjelp til å finne løysingar på. I dag går avfallsstraumane deira ulike vegar, og spørsmålet er kva ein skal gjere med det – og kor det bør gå.

Elevane som er med går 2. og 3.klasse studiespesialisering med realfag matte, fysikk og kjemi. Blant dei er Laura Berkova, Andrea Øren, Linnea Vie Løkeland og Runar Berge Kårstad, og dei er er klare for utfordringa.

– Dette er nytt og veldig spennande å få vere med på, og noko som skil seg frå den vanlege skulekvardagen vår, seier dei til Ytre Sogn.

Les meir om samarbeidet i neste utgåve av Ytre Sogn!

– Ofte kan det kome gode idéar til løysingar utanfrå som vi som jobbar med dette til vanleg gjerne ikkje ser eller har tenkt på, seier Sesilie Sleire, som her i i gong med å presentere oppgåva for elevane.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord