Skåra 31 mål på serieleiaren


Høyang yppa seg mot storesøster frå Årdal. Det vart ein underhaldande handballkamp med mange mål då Høyang og Jotun/Årdalstangen møttest til dyst søndag. Etter ein jamspelt første omgang vart serieleiarane for sterke og vann fortent 31-38.

Trenar Roy-Arve Ørnehaug var godt nøgd med innsatsen til jentene trass i at det vart tap. Jotun/Årdalstangen har spelarar med erfaring frå 1. divisjon. Før kampen stod dei bokført med 11 strake sigrar, og toppar tabellen med full pott. Ørnehaug gleda seg over at laget hans skåra heile 31 mål og hang med såpass lenge som dei gjorde.

Les meir i Ytre Sogn tysdag

https://www.youtube.com/watch?v=n9zjIk3u0Mg&t=11s