Skal utvikle K1 i Høyanger


Hovudutval for næring og kultur skal i møtet 26. september peike ut fylkeskommunen sin representant i styringsgruppa for prosjektet «K1 Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge».

Høyanger kommune, fylkeskommunen og Statkraft står bak forprosjektet for bevaring og bruk av Kraftanlegg 1 (K1) i Høyanger.

Den overordna målsetjinga for prosjektet er bevaring og utvikling av K1 til ein spektakulær attraksjon som gir verdiskaping kring næringsutvikling og stadutvikling. Partane ønskjer å bevare røyrgata, trallebana og trappene knytte til K1, slik at dei kan nyttast som attraksjon for turistar og bidra positivt til friluftsopplevingar for innbyggjarane i Høyanger.

Lokalt i Høyanger oppstod det eit stort engasjement for bevaring av anlegget då Statskraft hadde planar om å rive delar av det. Høyanger kommune har heile vegen vore i tett dialog med Statskraft, og dei bidreg no positivt inn i forprosjektet med både delfinansiering og deltaking i styringsgruppa.

Fylkeskommunen har innlemma prosjektet i verdiskapingsprosjektet «Kulturminneplanar som verktøy for lokal verdiskaping», der målet er å syne korleis kulturminneplanar kan nyttast som grunnlag for utvikling av lokale utviklingsprosjekt.

Høyanger kommune har utarbeida ein strategiplan for kulturminne, der eitt av dei prioriterte satsingsområda er industriens kulturminner, blant anna K1. Forprosjektet til «K1 i Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge» er finansiert i eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Høyanger Næringsutvikling og Statskraft.