"I år blir to nye utanlandskablar til England og Tyskland ferdige. Då kan om lag halvparten av all norsk vasskraft eksporterast", skriv Ingunn Kandal, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU, i innlegget sitt. .
Ytringar:

Skal EU kontrollere krafta vår?


I Noreg har vasskrafta vore rekna som viktig infrastruktur, ikkje ei vare som skal seljast til høgstbydande. Vasskrafta bygde landet, skapte nøkkelindustri i lokalsamfunn over heile landet og ga lys og varme i husa. Dette blei endra med innføringa av energilova i 1991 og kraftbørsen i 1995. Men det var likevel til å leve med, ettersom  det var ein lukka nordisk straummarknad, der eit stort kraftoverskot heldt prisane nede. 

Energipakke 3 vedtatt mot folket sin vilje
Noreg si tilslutning til EU sin energiunion og EU sitt energibyrå, ACER, riv bort dette grunnlaget. I år blir to nye utanlandskablar til England og Tyskland ferdige. Då kan om lag halvparten av all norsk vasskraft eksporterast. I januar 2021 har vi hatt rekordhøg pris på straum, ikkje minst fordi det samtidig har vore stor eksport. 

I Noreg var det store protester mot EU sin  tredje energimarknadspakke og tilslutninga til EU sitt energibyrå - ACER.  Stortingsfleirtalet slutta seg likevel til dette, og Noreg er forplikta til å følgje EU sin nettutviklingsplan. Energibyrået ACER og deira norske underbruk, Reguleringsmynde for Energi (RME), må heretter godkjenne om ekstrainntekter ved overføring av kraft mellom ulike prisområde (flaskehalsinntekter) framleis skal kunne brukast til å halde nettleiga nede.

Fire nye EU-forordningar flyttar kontrollen med straumflyten og forsyningssikringa til regionale nettselskap, og ACER har mynde til å avgjere ved usemje. Dette inneber at 

ACER-systemet vil få svært mykje å seie for  det norske samfunnet, ikkje minst for industrien. Dersom straumprisane aukar så mykje at lønnsemda i industrien er truga og folk må spare på straumen, er det ikkje mogleg å strupe straumflyten gjennom utanlandskablane for å halde straumprisane nede. Faren er at varig høg straumpris, vil truge konkurranseevna til norsk industri, ved at vi eksporterer store mengder straum og importerer europeisk kraftpris. Dette kan bety «kroken på døra»  for fleire industriverksemder.

Folkestyre mot EU sin energiunion
EU sin fjerde energimarknadspakke er vedtatt i EU og kjem no til Stortinget. Denne «pakken» betyr at ACER vil få endå meir makt til å kontrollere straumflyten -  og kontroll over straumflyt, betyr i realiteten kontroll over straumpris. Dette er resultatet når straumen er blitt ei vare innanfor EU-marknaden, der nasjonal styring blir sett på som ei handelshindring. 

Nei til EU meiner at kampen mot EU sin energiunion må forsterkast til fordel for folkevald styring og kontroll. Vi støttar derfor Fellesforbundet sitt landsmøtekrav om at tilslutninga til ACER må 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.