Seriestart for Roy og jentene


I kveld er IL Høyang tilbake med eit seniorlag på handballbana. Roy Ørnehaug og jentene er klare for årets første kamp i 4. divisjon avd 2. Kampen mot Førde 2 kan du sjå i Høyangerhallen i kveld.

Då Roy Ørnehaug og seniordamene til IL Høyang gjekk av bana etter siste seriekamp i 2016 var det som seriemeister. I staden for opprykk måtte klubben trekke laget frå seriespel på grunn av mangel på spelarar. No var det slett ikkje sikkert at det vart lag denne sesongen heller. Uvisse blant anna på tal tilgjengelege spelarar, samt ukurante treningstider og mangel på hallplass fekk tvilen fram hjå dei involverte.

– Vi har ein rimeleg stabil gjeng på plass no, seier Ørnehaug til Ytre Sogn.

– Dersom vi klarer å unngå skader og får flytta på kampar slik at vi kan bruke jentene på 16 års- laget, skal nok sesongen gå bra. Det er viktig å ha eit seniorlag på damesida. Dei yngre må ha noko å strekke seg etter.

Les meir i dagens papirutgåve