Nærmar seg avgjersle om Eide hamn:

–⁠ Ser saka som ferdig utgreidd

Etter folkemøte, ei lang rekke høyringssvar, og ei kontroversiell synfaring førre veke, nærmar det seg no ei avgjersle om Firda Seafood sitt servicebygg på Eide hamn.


Etter årevis med planlegging nærmar det seg no avstemming på reguleringsplanane til Eide hamn i Hyllestad kommune. Planane for sjølve hamna er klare, og høyringssvar kvittert ut, men eit punkt gir framleis lokalpolitikarane hovudbry.

Om Firda Seafoods skal få bygge eit nytt servicebygg på Eide må krysset mellom Åfjordvegen, Skifjordvegen og Eide utbetrast. 

Men det har ikkje vert enkelt å lage ein plan for eit vegkryss etter dei standardane vi har i dag. Siktlinjer må strekkast frå punkt til punkt, og ein knaus må sprengast heilt eller delvis vekk for å få den sikta som krevst.

Og rett bak denne knausen står huset til Kim Ronny Nygård, som er redd den harde vinden på Eide vil bli eit kjempeproblem om knausen forsvinn.

Utsette saka
Under førre møte i plan- og samfunn valde kommunen og utsette saka om Eide hamn til etter dei hadde hatt ei synfaring i krysset det gjeld. Representant i plan- og samfunn Morten Askvik (Sp) skulle ønskt at dei hadde hatt ei større synfaring, og ny dialog med innbyggjarane på Eide.

– Det har komme ein del tilbakemeldingar på at dialogen med Kim Ronny Nygård ikkje har vore slik som det har blitt framstilt av kommunen, og eg lurer jo då på korleis dialogen har vore med andre denne saka gjeld, seier Askvik til Ytre Sogn.

Representant i utval for plan og samfunn, Morten Askvik, skulle ønskt ein hadde hatt synfaring i høve heile reguleringsplanen og vidare dialog med innbyggjarane på Eide.
Nygård var også invitert med på synfaringa på torsdag, men han har ikkje tru på at det no vil kome løysingar som han kan slå seg til ro med.

– Nei, det har eg ikkje. Og eg blir fortald at dei no kan utbetre vidare på Skifjordvegen, men då er det jo fleire knausar som forsvinn og opnar for vind. Eg har sagt heile tida at dei kan kjøpe meg ut, seier Kim Ronny Nygård til Ytre Sogn.

Meldt til behandling
Plan- og samfunn sende administrasjonen heim etter synfaringa med beskjed om å finne ut om det er mogleg å sette opp leveggar for å demme opp for vinden på staden, og neste utvalsmøte er no sett opp torsdag i timane før kommunestyremøtet klokka 12.30.

Kommunedirektør Gjermund Flage seier til Ytre Sogn at han ikkje veit om saka vil bli avgjort på dette møtet.

– Saka er meldt til behandling i neste kommunestyremøte, og det skal vere eit nytt møte i plan- og samfunn på morgonen før kommunestyremøtet. Då kan saka anten bli behandla, eller ho kan bli utsett igjen. Det kan også hende utvalet ønsker at administrasjonen skal gjere noko meir, men vi ser saka som ferdig utgreidd, seier Flage til Ytre Sogn.

Oppteken av å vere transparente
Førre veke kunne ein også lese oppslag i Firda om at synfaringa ikkje var gjort kjend med på kommunen sine heimesider.

Det var sett opp eit møte i plan- og samfunn torsdag klokka 09.00, som var den nemnde synfaringa. Men då dette ikkje var eit normalt møte med oppførte saker, vart heller ikkje informasjonen på nettsida endra til å vise at dette var ei synfaring.

– Dette beklagar vi veldig, og det var aldri meininga å halde noko skjult. Administrasjonen er svært oppteken av å vere transparente og meiner det er veldig viktig at ikkje det offentlege gjer ting i det skjulte. Det er og viktig å få med at synfaringa dreia seg om utbetringa av vegkrysset, ikkje regulering i sjølve hamna. Vedkommande som bur i vegkrysset var sjølvsagt invitert då det var ulemper for han, og spesielt vind, som var grunnlaget for denne synfaringa, seier Flage til Ytre Sogn.

Det skal og nemnast at Ytre Sogn var klar over at det som var oppsett i møteplanen til Hyllestad kommune denne dagen var synfaringa, og hadde dialog med administrasjonen i forkant om å vere med. Grunna manglande bemanning hadde ikkje Ytre Sogn høve til å delta på synfaringa.

Kommunedirektør Gjermund Flage seier administrasjonen ser på saka om Eide hamn som ferdig behandla, men veit ikkje om plan- og samfunn meiner dei har nok informasjon til å ta ei avgjersle på torsdag.
Håpar på avgjersle

Representant i utval for plan- og samfunn, Geir Helge Nordstrand (H), forstår at Nygård er bekymra for vinden på Eide.

– Vi gav nokre oppgåver til administrasjonen på skjeringane i krysset og om det er mogleg å sette opp leveggar for å døyve vinden. Det er vinden som er problemet. Den er veldig hard der ute og den kjem rett på huset om knausen forsvinn, seier Nordstrand til Ytre Sogn.

No håpar han at det er nok informasjon til å ta avgjersla om reguleringsplanen for Eide hamn og vegkrysset på utvalsmøtet på torsdag, og på det etterfølgjande kommunestyremøtet.

– Eg håpar alt er klart til torsdag. Eg er for planane til Firda Seafoods på Eide. Arbeidsplassane i kommunen er svært viktige og noko vi må verne om. 

Kjem an på svara
Leiar for utval for plan og samfunn, Jan Arvid Støyva (Ap), seier at saka i utgangspunktet er klar for sluttbehandling, men at dei no har tatt ei ekstra runde for å finne betre løysingar for Nygård sin del. Arbeidarpartiet sit til sjuande og sist med fleirtal både i utvala og i kommunestyret, men Støyva veit ikkje verken om det er mogleg å ta ei avgjersle på torsdag, eller kva den avgjersla blir.

– Vi tok ikkje nokon konklusjon når vi var på synfaringa, men har bedt om meir informasjon. Om vi kan behandle denne saka på møtet som er sett til torsdag morgon kjem heilt an på dei svara vi får frå administrasjonen, seier han til Ytre Sogn.

Han meiner at det no ikkje er nokon grunn til å ta ei ny runde på reguleringsplanen utover eventuelle endringar for å skjerme huset i Eide-krysset. Saka er klar til behandling, og høyringane er kvittert ut.

– Vi har hatt to høyringsrundar, vi har hatt eit folkemøte, og vi som politikarar har også prata innbyggjarane i kommunen om kva dei meiner, så vi kjenner saka godt. No har vi også vore på synfaring, og når den siste biten med informasjon frå administrasjonen er på plass så er dette klart til sluttbehandling.