Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. oktober 2018
Ytre Sogn 18. oktober 2018

Andre omgang var berre nokre sekund gamal då Jacob Frøyen Bergset laga sitt andre mål for dagen.

Seks sigrar på rad for Høyang

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 17. september 2018

Høyang slo Bjørn heile 9-1 søndag ettermiddag. A-laget har med det seks strake sigrar, og trenar Leif Arne Tveit er fornøgd med både innstilling og innsats hos spelarane.

–Eg er veldig fornøgd med både innstilling og innsatsen til spelarane, seier trenar Leif Arne Tveit etter heimekampen mot Bjørn søndag ettermiddag.
–Vi ser bra ut, og seks sigrar på rad gjer at sjølvtilliten er på topp. Spelarane jobbar hardt for kvarandre og har lyst å få Høyang opp igjen i Kretsserien på første forsøk. Vi fokuserer berre på eigne prestasjonar, og på treninga i morgon går fokus over på kampen mot Balestrand komande måndag, seier Tveit.

Les meir om kampen i Ytre Sogn tysdag

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord