Seks har levert tilbod på Vadheimstunnelen


I alt seks entreprenørar vil rehabilitere den 1,6 kilometer lange Vadheimstunnelen.

– Vi er godt nøgde med at så mange som seks entreprenørar har levert inn tilbod. Det viser at det er stor interesse for jobben. Det vanlege siste åra har vore to-tre entreprenørar. Så dette er bra, seier Sveuinung Hovland, prosjektansvarleg hos Statens vegvesen, til Ytre Sogn.

Dei seks er AF Gruppen AS, BetonmastHæhre Anlegg AS, Flage Maskin AS, Implenia AS, Mesta AS og AS Birkeland Entreprenørforretning. Tilboda dei har levert inn varierer imidlertid stort. Det lågaste er på 45,9 millionar kroner og det høgaste på 64,9 millionar kroner.

Hovland seier at dei no vil bruke tid på å gå igjennom tilboda, og at dei satsar på å underskrive konktrakt med entreprenør i løpet av januar.
– Det betyr i så fall oppstart i tunnelen i februar-mars, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!