Seier nei til vindmålar på Høyangerfjellet


Rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger tilrår Planutvalet til å avslå søknaden frå Kjeller Vindteknikk, som på vegne av Fred Olsen Renewable, har planlagt å installere vindmålar på fjellet over Høyanger.

Hensikten med målaren er å kartleggje vindtilhøva for den planlagde vindparken, som Fred Olsen Renewable AS har sendt melding om til NVE. «For å kunne installere vindkraftverk er det nødvendig å måle vinden lokalt og detaljert. Det er viktig dels for at utbyggjar skal kunne rekne ut forventa energiproduksjon tilstrekkeleg nøyaktig og for at konstruksjonane skal bli rett dimensjonert til å kunne tåle dei klimalastene dei vil bli utsett for», går det fram av saksutgreiinga til Planutvalet, som har møte tysdag i neste veke.

Med bakgrunn i det søkjer Kjeller Vindteknikk, på vegne av utbyggjar Fred Olsen Renewables, om dispensasjon frå byggjeforbod i LNF-området i kommuneplanen sin arealdel. I samband med montering vert det også søkt om landingsløyve for helikopter under montering, service og seinare demontering.

Men det vil ikkje rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger kommune vere med på.

– Nasjonal plan for vindkraft er enno ikkje vedteken og det er særs ugunstig at konsesjonsprosessen for nye utbyggingsområde vert iverksett før endeleg plan er vedteken. Dette vert å oppfatte som om det vert sett utilbørleg press på dei forvaltningsorgana som skal fatte vedtak i saka kring nasjonal plan for vindkraft. Utplassering av måleutstyr for kartlegging av vindtilhøve etc. føyer seg inn i same sporet og utøver press både på Olje- og energidepartementet (OED) og Høyanger kommune. Her gjeld nok ordtaket «førstemann til mølla», bokstavleg talt, meiner ho, og tilrår Planutvalet å avslå begge søknadene.

- Utplassering av måleutstyr for ein kortare periode, som også i tillegg er heilt reversibel, kan verke uskyldig og vil nok ikkje i seg sjølv sette «store fotavtrykk» i naturen og i den urøyrde naturen, men i prinsippet er den del av ei større sak. Den burde ikkje blitt initiert før nasjonal plan for vindkraft er vedteken og rammevilkåra for vindkraft er nærare avklara, meiner ho.