Sedrik vann i Sverige


Sedrik Engebø Ullebø vann sin klasse under U6 i sykling i Sverige forrige veke. Høyanger-syklisten, som syklar for Sogn CK, vann med om lag 45 sekund.

U6 er eit internasjonalt ritt som pågår ei heil veke med ritt kvar dag. Det er svært god internasjonal deltaking, mellom anna frå dei nordiske landa og Nederland. Ein sigersmargin på 45 sekund er mykje i eit slikt ritt som inneheld tempo, fellesstartart og gateritt.