Satsar på kaféopning til påske


Til påske satsar Sven Bork på å opne det som får namnet Malena Kafé i Vadheim sentrum.

- Bygget var i så dårleg stand at det meste no er skifta ut, både ute og inne. Men det visste vi også då vi byrja, seier Sven Bork og ser seg om i første etasje i det meir enn 100 år gamle bygget.

Siste 20 åra har han drive utleige av feriehus over heile Norge, gjennom Borks Feriehus. Det som ein gong heitte Hovlands kafé i Vadheim sentrum følgde med då han for halvanna årsidan kjøpte Vadheim Dampbakeri, som ligg rett bak. For å betre tilkomsten var planen først å rive det gamle kafébygget. Men reaksjonane som følgde gjorde at han ombestemte seg, og i staden valde å renovere det. 



Tilsaman reknar han med å ha brukt nærmare to millionar kroner på bygget når det står ferdig til påske.


- Kafédrift var slett ikkje i planane mine då eg overtok bygget. Men når det først vart til at eg renoverte det, måtte eg også finne noko å bruke det til, og mange i Vadheim uttrykte ønskje om at det vart kafé igjen, seier han om det han håpar vil bli ein populær møteplass, både hos fastbuande og tilreisande.



- Bygget er ikkje stort. Fem små bord er det vi vil få plass til i kaféen, i tillegg til ein benk langs eine veggen, slik at vi har nokre ekstra sitjeplassar om vi til dømes har arrangement, seier han og nemner quizkveldar, fotballkampar og liknande. 


Han har nemleg ogå planar om prosjektor, med tilhøyrande lerret.

- Og innanfor kaféen blir det kjøken, der ein i tillegg til kaffi og kaker, også vil kunne lage enkle middagsrettar, som til dømes pizza, for dei som vil ha det.



Bork må også ha folk til å jobbe i kaféen, og er allereie i dialog med nokre, fortel han.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Sidan i fjor haust har det over 100 år gamle kafébygget i Vadheim sentrum vore gjennom ei omfattande renovering.