Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

– I samfunnsdelen av Hyllestad sin kommuneplan er det uttalte målet fire nye bustader i året, påpeiker Svein Tore Hatløy (f.v.) og Ole Helge Solstad. Gjennom det nystarta selskapet Åfjord Eigedom satsar dei no på bustader på Salbu (biletet), ikkje langt frå Sørbøvåg.

Satsar på bustader ved Åfjorden

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 12. juni 2019

Det er mange år sidan det sist kom nybygg på Sørbøvåg. Det vil Svein Tore Hatløy og Ole Helge Solstad gjere noko med.

Nyleg lanserte dei sitt første bustadprosjekt, Åfjord Panorama, gjennom det nystifta selskapet Åfjord Eigedom. Det består i fire nye, moderne bustader på Salbu.

– Vi byrja å snakke om det for nokre år sidan. Det er liknande bustadprosjekt i Hyllestad og Leirvik, men ingen på Sørbøvåg. Difor såg vi moglegheiten til å kunne gjere noko her. Det er kun bygd eitt nybygg i området siste ti åra, seier Svein Tore Hatløy.

Partnaren hans, Ole Helge Solstad, nikkar.

– For tida skjer det også utvikling i bedrifter i området, som til dømes Finio her på Sørbøvåg. Vi har dessutan større bedrifter andre stader i kommunen som gjer det bra, som Havyard og Multivolt. Men det er ikkje nok berre å tilby arbeidsplassar. Det må også vere eit butilbod, og det er her vi kjem inn med prosjektet vårt, seier Solstad når vi møter dei to på den aktuelle tomta på nordsida av Åfjorden.

I enden av eit lite bustadfelt på Salbu – halvannan kilometer frå Sørbøvåg – har dei no inngått avtale med grunneigaren av den tre mål store tomta nede ved fjorden, der i alt fire nye, moderne bustader skal opp om forhåpentlegvis ikkje altfor lenge.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord