Ruth og familien tek vare på garden til Olav Sande


- Det er viktig for oss i familien å ta vare på det gamle, seier Ruth Sande (biletet) til Ytre Sogn.

442 år etter at Sandestova på sørsida vart bygd, står den forsatt støtt. Det som truleg er Høyanger kommune sitt eldste hus - og som ein gong var diktaren, politikaren og læraren Olav Sande sin heim - er godt vedlikehalde. Mykje takka vere Ruth Sande og familien.

– Eg og familien min trivst godt her, seier ho.

Den vesle garden ligg på eit nes ut i Sognefjorden, høgt og fritt, men likevel lunt og intimt. På enden av den eigendomen er ei steinblokk reist som ein bauta. Den er pryda med skrifta «Lærar Olav Sande, 1850-1927» og vart 4.juni 1994 reist som ein hyllest til Olav Sande.

I 1983 tok ho og mannen over garden. Sidan har ho og familien tatt vare på det gamle bruket som ein gong var diktaren, politikaren og læraren sin heim.

– Vi prøver å halde den ved like så godt som råd. Sandestova der han budde er framleis i bruk når vi er mange. Eg budde der nokre år, litt på gamle måten, men eg trivst med det, seier Sande medan ho viser fram den gamle stova.

Det er berre den austlege delen av stova som er 442 år gammal, resten er bygd på eit seinare tidspunkt. Stova er lita, men rikt utsmykka og vakker å sjå på. Utanfor er garden eit flott syn, med små hagar og murar. Blomstrar og andre hageplanter får vekse relativt fritt, og det er grønt overalt.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!