Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar kroner. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar kroner.
Innbyggjarane i Sogn og Fjordane viser stort engasjement for å etablere og rehabilitere anlegg for fysisk aktivitet. Kommunar, lag og organisasjonar søker om meir spelemidlar enn nokon gong. Fylkeskommunen har no gått gjennom søknadane før dei blir sende vidare til Kulturdepartementet. – Visjonen for arbeidet med fysisk aktivitet i fylkeskommunen er fysisk aktivitet for alle. Det er difor gledeleg å sjå at spreiinga i anleggstypar er stor, og at alle aldersgrupper vert tekne i vare, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.Fire moment
Han er særleg nøgd med fire moment i årets søknadsmasse: 1. Kompetanseheving i både kommunane og lag og organisasjonar resulterer i betre søknader2. Søknadssummen til friluftslivsanlegg har tredobla seg frå 2016 til 2017
3. Det er mange klubbhus som er i ferd med å bli etablerte i fylket. Dei har ein viktig funksjon som sosial møteplass i lokalsamfunnet
4. Kommunane nyttar spelemiddelordninga som viktig finansiering for å ruste opp skuleområda sine – Det er i tillegg verdt å merke seg at kommunar med vidaregåande skular, som Flora, Førde, Sogndal, Gloppen, Eid og Stryn, søkjer om mykje midlar. Det er med på å styrkje rammevilkår og moglegheiter for å vere fysisk aktiv, seier Skrede.