Rekordår for Fureli Maskin


Større lokale oppdrag bidrog til rekordomsetnad for L A Fureli Maskin i 2019

Ikkje minst var arbeidet i Vadheimstunnelen viktig for bedrifta
. 


- Det utgjorde ein god del av omsetnaden vår i 2019, og fullt mannskap i aktivitet heile perioden, frå mars til desember, seier Leif Arne Fureli, som eig og driv Fureli Maskin, til Ytre Sogn.



Og siste åra har det verkeleg teke av for bedrifta, både når det gjeld talet på oppdrag og tilsette. I 2019 hadde bedrifta, som då hadde fem tilsette, ein omsetnad på nærmare 7,8 millionar kroner og eit resultat på vel 1.5 millionar kroner.



- Og så har det sjølvsagt også med dyktige, arbeidsame tilsette å gjere, påpeikar han.



Og aktiviteten ser ut til å halde seg for maskinentreprenøren som tek oppdrag i store delar av distriktet, frå Leikanger i indre Sogn til Hyllestad i ytre, samt oppover i Sunnfjord.



- Vi har framleis mange oppdrag lokalt, noko vi er nøgde med. I år er vi blant anna med på opparbeiding av nytt bustadfelt i Vadheim og opprustinga av sentrum.



Men det finst også utfordringar. For å kunne utvikle seg vidare treng bedrifta nytt og større areal, og helst lokalt. Fureli fortel at det var også utfordringa då bedrifta starta i 2007. 



- Vi brukte mykje tid og energi på det, som vi heller skulle ha brukt på anna i oppstartsfasen. På eit tidspunkt byrja vi også å sjå på areal i ein nabokommune, men heldigvis ordna det seg til slutt i eigen kommune, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!