Rehabilitering vil koste 20 millionar


– Det må brukast bruke meir tid på utgreiing av behovet for barnehageplassar før ein set i gang ei slik investering, sa prosjektleiar Bjørn Berstad då han orienterte formannskapet om rehabilitering av Olderdalen barnehage i Høyanger.

Det viser nemleg at den vil koste 20,0 millionar kroner, som er langt meir enn det som ligg inne i økonomiplanen. Der er ramma 8,0 millionar kroner.

– Vi har teke utgangspunkt i kapasiteten som barnehagen har i dag, det vil seie 72 barn fordelt på fire avdelingar. Samstundes tyder alt på på at behovet for barnehageplassar i Høyanger vil bli redusert dei nærmaste åra. Siste framskrivingane av folketalet syner nedgang både i gruppa 0 år og 1-5 år. Difor bør det utgreiast meir rundt det før ein vedtek denne investeringa. Om nokre få er er det kanskje ikkje behov for to store barnehagar med fire avdelinga i Høyanger, sa prosjektleiar Bjørn Berstad på møtet.

Det er kommunestyret som har bestilt forprosjektet, som går på rehabilitering av den vel 20 år gamle barnehagen på Øvre Sæbø i Høyanger.
Med seg i arbeidsgruppa har Berstad hatt styraren og verneombodet i Olderdalen barnehage, og dei peikar på ei rekkje utfordringar som må gjerast noko med, både når det gjeld plass, inneklima og støy.

– Bygget er på 473 kvadratmeter, og bør utvidast med minst 200 kvadratmeter for å støtte dagens krav, slik at barnehagen kan vere i bruk minst 20-30 år fram i tid, sa Berstad, men understreka igjen at dei har teke utgangspunkt i å behalde dagens plassar.
Spørsmålet no er om kommunestyret vil løyve meir pengar til rehabiliteringa av barnehagen, eller om dei må sjå på andre løysingar.

– Det ligg utanfor det mandatet kommunestyret har gitt oss, sa prosjektleiaren.
Han kunne fortelje at arbeidsgruppa også har sett på andre løysingar, som å rive og byggje heilt ny barnehage.

– Men det vil bli endå dyrare, sa Berstad.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Frå orienteringa i formannskapet. F.v.: prosjektleiar Bjørn Berstad, ordførar Petter Sortland og politisk sekretær Rita Flaten.