Proffdraumen vert realisert


Måndag ettermiddag var det klart. Stine Hovland (28) fekk endeleg spikra overgangen til den italienske storklubben Associazione Calcio Milan (AC Milan)
– Ein draum som går i oppfylling, seier vaimingen til Ytre Sogn.

– Det er veldig stort å få oppleve dette, seier Stine Hovland når Ytre Sogn møter ho på Vaimbley-bana i Vadheim, mindre enn 24 timar etter at overgangen vart spikra.

Allereie 9. juli, etter ein lengre periode med ryktestraum, vart Stine Hovland einig om dei personlege forholda med den italienske storklubben. Det einaste som stod igjen då var avtalen mellom AC Milan og Sandviken, bergensklubben Hovland har vore i dei siste seks åra av karriera, og på slutten i rolla som kaptein.

Til slutt vart klubbane einige og dermed kan Hovland starte eit nytt kapittel innan fotballen, nemleg hennar første utanlandseventyr.

– Det er litt skrekkblanda fryd, det må eg innrømme. Det er eit nytt land og eit nytt språk, ein ny liga og ein ny klubb. Eg forlét det trygge heime i Sandviken, men det kjennes rett. Eg gler meg. Eg kunne ikkje la vere å ta denne moglegheita når den kom.

Som fleire andre italienske storklubbar kasta Milano-klubben seg i fjor på det som vert kalla ein kvinne-revolusjon i fotball-Europa. Saman med Spania og Frankrike har Italia vore eit føregangsland på kvinnesida, med opp til 40 000 tilskodarar på kamp og fleire heilproffesjonelle lag.

– Det er eit heilt anna opplegg der nede. Vi har eit stort og profesjonelt apparat rundt oss heile tida. Vi har eige treningsanlegg med sikkerheitsvaktar og fleire fotballbaner til disposisjon. Det var mykje bra i Sandviken, men dette blir eit anna nivå, seier Hovland stolt, før ho held fram.

– Dei er eit nystarta lag, dei skal opp og fram! Det å få moglegheita til å vere med på noko sånt er stort.

AC Milan sitt kvinnelag enda på tredjeplass i sin første sesong i det italienske ligasystemet.