Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

-Med kampen som er om vegmidlar er det positivt at vi no ligg inne med 150 000 kroner til fv Tronvik-Ulvåna, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland. Her står han ved Ulvåna, som er eit av fire-fem punkt på strekninga han vil ha utbetra.

Planleggingsmidlar til Tronvik-Ulvåna

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 14. april 2020

– Dette er første steget til å få gjort noko med vegen mellom Tronvik og Ulvåna, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn.





Utval for samferdsel og mobilitet i Vestland har no løyvd 150 000 kroner til å planleggje mindre utbetringar av strekninga på fv 55 mellom Kyrkjebø og Vadheim i 2020.

Midlane låg også inne i 2020 i Regional transportplan (RTP) for 2018-2027 som vart vedteke av fylkestinget i Sogn og Fjordane, og Høyanger-ordføraren er nøgd med at dei no er med vidare.


-Med kampen som er om vegmidlar er det positivt at vi no ligg inne med 150 000 kroner. Så det er første steget til å få gjort noko med vegen, og gjer at ein no kan setje i gong med å planleggje det, seier Petter Sortland.


Som Ytre Sogn tidlegare har fortalt, bad ordføraren Vestland fylkeskommune, om å gjennomføre mogelegheitsstudie for Tronvik – Ulvåna, der ein opnar for å fråvike vegnormalen, blant anna når det gjeld krav til utforming.

«Gryteklart» prosjekt

Ordføraren meiner at det ikkje bør ta så lang tid før ein kjem i gang.


– No først må ein sjå på om ein treng reguleringsplanar, gjere avtalar med grunneigarar og liknande, og det er fylkeskommunen som vegeigar som må ta den runden, seier Sortland.


Når det gjeld sjølve arbeidet meiner han at den kan lysast ut som delprosjekt blant lokale og regionale entreprenørar. 


– Det er jo også blitt sagt at som ein del at tiltaka i høve til koronaen, så treng ein mindre, «gryteklare» vegprosjekt etterpå, for å få aktiviteten opp igjen. Fv 55 Tronvik-Ulvåna vil dere godt eigna til det

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord