Planlagt vind­kraft­anlegg på Snøheia og fjella rundt –⁠ folk seier i frå at det er galt


Eg vil tru vindkraftbransjen og medløparane ikkje er fornøgde med motbøren når så mange tek til orde mot det planlagde vindkraftanlegget på Snøheia og fjella rundt. Det har til dømes kome fram at planområdet er delvis i føreslege KULA område, og den store oppslutnaden på vardebrenninga. Vindkraftbransjen hadde nok føretrekt at prosjektet hadde blitt sett på som «superdemokratisk». Men no er det slik at når noko er galt, seier folk i frå mot dette planlagde vindkraftanlegget – til liks med andre vindkraftanlegg her i landet.   

Tek ein til orde mot vindkraftanlegg, vert ein gjerne skulda for å ikkje å ha alternative løysingar eller å ønske straum utan å ville sjå kraftverk. Dette argumentet er eit bevisst forsøk på diskreditering. At eit kostbart, uregulerbart og upåliteleg vindkraftanlegg skal gjere alt bra, og at det vert framheva frå aktørar med forteneste på høg straumpris og vindkraft, –er ikkje truverdig. Då finn eg energipolitikk på naturens premisser meir truverdig og fornuftig.

Vindkraftbransjen hevdar dei vil spele på lag med kommunane og at kommunane kan stoppe prosjektet når som helst. Men vindkraftbransjen vil ikkje respektere tidlegare vedtak, føringar eller fleirtalet av grunneigarane og innbyggjarane som er i mot vindkraftprosjektet. Får vindkraftbransjen kome i gong med prosessen, festar eg ikkje lit til at dei vil respektere om kommunane i ein seinare fase vil avbryte det. Kommunar som opnar opp for utbygging, har ikkje den styringa vindkraftbransjen vil ha oss til å tru

Å ta til orde for at eit vindkraftanlegg på Snøheia og fjella rundt må konsekvensutgreiast, viser mangel på forståing av problematikken med vindkraft, tidlegare saksgang, vurderingar og vernestatusar. Dei som aktivt tek til orde for at det må konsekvensutgreiast, bør på eige initiativ kome seg ut og oppsøke utbygde vindkraftanlegg. Der kan dei med eigne auge sjå kva øydeleggingane har tilførd klimarekneskapet, grøn omstilling, grøne arbeidsplassar, industriutvikling og alle andre herlegdommar vindkraftbransjen hevdar dei vil tilføre. I tillegg bør dei ut og forstå kva områdar vindkraftbransjen no jobbar for å utfordre. 

Kraftlinja mellom Høyanger og Moskog vert strategisk nytta som eit argument for vindkraftutbygging. Men dei opplyser ikkje at det er umogleg å kople eit vindkraftverk direkte på den kraftlinja. Spenningsnivået på kraftlinja er 420 kv. Det må byggast ei ny kraftlinje til Høyanger eller Moskog, eller så må det byggast ein ny trafostasjon. Dette er endå eit moment som avkler påstanden om at eit vindkraftanlegg berre vil legge beslag på 3-5 % av arealet. Det er underleg at vindkraftbransjen skal vere så sikker på arealbruken, men elles vise til at kritiske spørsmål og moment må konsekvensutgreiast. 

Å ta vare på nødvendig naturmangfald, handlar ikkje berre om å like det og utsikten. Likevel vert det forsøkt framstilt som om dette er årsaka. Naturavtalen vedteken i Montreal er gjeldande, og økosystemteneste er noko folk flest har kjennskap til - Vindkraft er ikkje så klimavennleg som vindkraftbransjen vil ha oss til å tru. 

Avslutningsvis kan eg opplyse at i Stølsheimen og Matrefjella, sør for Sognefjorden, har nøytrale fagfolk utført naturkartleggingar. Der er det gjort viktige funn av eit stort mangfald av raudlista artar. Tilsvarande funn vil det og bli gjort på Snøheia og fjella rundt dersom dette blir kartlagt. Det vil også gjelde for dei andre fjella vindkraftbransjen har interesse av. Folk har innsett at vindkraftanlegg i Noreg er eit stort feilgrep.

Ove Hatlestad Solås