Pasient innlagt med koronasmitte i Førde


Den første pasienten med koronasmitte er no innlagt i Helse Førde.

Pasienten har fått stadfesta sjukdomen covid-19. Vedkomande blei lagt inn ved Førde sentralsjukehus i dag onsdag.

- Vedkomande er lagt på isolat og nødvendige smitteverntiltak er sett i verk, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i ei pressemelding.

Pasienten testa positivt på covid-19 for nokre dagar sidan. Pasienten er under 65 år.

- Det var berre eit spørsmål om tid før den første pasienten kom. Dette er vi godt førebudde på, og vi reknar med at fleire blir lagt inn i tida framover. Det som er viktig i vekene som kjem, er at innbyggjarane følgjer tiltaka og råda frå styremaktene. Vask hendene, hald avstand og gjer så godt du kan for ikkje å smitte andre, seier administrerande direktør Arve Varden.

På grunn av teieplikta og omsynet til personvernet kan Helse Førde ikkje gje ut fleire opplysningar om pasienten.