Miljødirektoratet varslar no at dei vil påleggje Nyrstar Høyanger å lage ein avslutningsplan som skildrar korleis dei skal avviklast.
- Den skal gi opplysingar om bedrifta sin plan for kva tiltak dei gjer for å ta hand om råvarer, kjemikaliar og farleg avfall på ein forsvarleg måte. Den skal og skildre planen deira for oppfølging av deponi og eventueltforureina grunn. I tillegg bør den innehalde opplysingar som vi treng for eventuelt å trekke løyvet, går det fram av brevet seksjonsleiar Ragnhild Orvik i Miljødirektoratet no har sendt Nyrstar Høyanger, med kopi til Høyanger kommune og Fylkesmannen i Vestland. Brevet kjem etter at Nyrstar har informert direktoratet om at verksemda deira i Høyanger skal leggjast ned. Orvik opplyser at dei vurderer å setje frist til 9.oktober for å sende inn avslutningsplanen til dei. - På bakgrunn av innsendt avslutningsplan vil vi så vurdere å stille krav til avslutnings- og opprydningstiltak, skriv ho. Planen må som eit minimum innehalde informasjon om blant anna: *Korleis råvarer, kjemikaliar, farleg avfall med meir vil bli handtert. *Tiltak som vert gjennomført i samband med rengjering av utstyr og lagringstankar, samt tiltak som vert gjort for å ha kontroll med utslepp i nedkøyringsfasen. *Korleis bedrifta vil følgje opp arbeidet med avslutning og etterdrift av deponiet på Storeseten.