På jakt etter lærlingar til verftet i Leirvik


Havyard i Leirvik ser gjerne til Høyanger vidaregåande skule når dei skal ha nye lærlingar.

– Fleire av linjene på skulen her er naturlege i høve til profesjonane som er på verftet. Difor er vi gjerne til stades på karrieremessa deira, slik vi også er i år. Vi har etter kvart henta mange lærlingar herifrå, seier Hanne Bruaas og Svein Arild Dale, høvesvis personalsjef og kvalittetssikringssjef på Havyard sitt skipsverft i Leirvik, til Ytre Sogn. – For tida har vi 10 lærlingar, som er det vi brukar å liggje på, blant anna frå Lavik og Høyanger, seier Bruaas til Ytre Sogn.

Ho og Dale seier at dei gjerne prøver å rekruttere dei lokalt, som betyr stabil arbeidskraft. I tillegg til eigen kommune, gjeld det også nabokommunane Høyanger og Fjaler.

– Då er moglegheiten større for at dei ikkje berre fullfører fagbrevet sitt og reiser, men vel å bli på verftet etterpå, seier ho.

Havyard var ei av i alt 27-28 bedrifter som hadde stand ved Høyanger vidaregåande skule si karreieremesse onsdag kveld. Med seg hadde dei to av lærlingane som har utdanninga si nettopp frå denne skulen.

Les meir om karrieremessa i Høyanger i fredagens Ytre Sogn!