Osland Havbruk ser på hydrogendriven arbeidsbåt


Osland Havbruk i Høyanger vil no sjå på moglegheita for å ta i bruk eit hydrogendrive fartøy når dei i framtida skal bytte ut ein av arbeidsbåtane sine.

Gjennom eit forprosjekt vil eigar Erik Osland – i lag med samarbeidspartnarane Høyanger Næringsutvikling, Greenstat og Maritim Foreining Sogn og Fjordane – lage ei konseptskisse for ein hydrogendriven arbeidsbåt, som kan nyttast til ulike operasjonar i oppdrettsnæringa.

Drivstoffet vil dei og nabobedrifta Osland Kraft sjølve produsere frå småkraftverket som ligg eit steinkast unna oppdrettsanlegget. Det vil vere nok til å gjere dei sjølvforsynte med drivstoff til fleire båtar.

Prosjektet har no fått midlar frå støtteordninga som fylkeskommunen har for utviklingsprosjekt knytt til hydrogenbaserte verdikjeder, som er oppretta ved hjelp av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Les meir i Ytre Sogn fredag!