Om lag 11 000 til årets Utkantfestival


-Sjølv om vêret var skiftande, var det god stemning blant dei om lag 11 000 som hadde teke turen til festivalen, seier ein nøgd festivalsjef Viggo Randal til Ytre Sogn.

Med eit varierande program og mykje god musikk og fin stemning, la ikkje det skiftande vêret noko dempar på publikum på årets Utkantfestival. - Vi hadde nok hatt fleire folk her om vêret hadde vore betre, seier Randal.

Trist start
Starten på årets Utkantfestival i Skjerjehamn fekk ein trist og tung start, etter den tragiske båtulukka der den 67 år gamle Asbjørn Nordgulen frå Gulen omkom. I same båt var også son hans og sambuar og to vener som alle vart skadd og frakta til sjukehus. - Dette er så ufatteleg trist, og noko som har prega oss alle både som medmenneske og arrangør, seier Randal. Han fortel at dei valde å halde fram med festivalen, og at musikken får folk saman. -For mange er det godt å kome i lag å tenke på fine ting, også i ein slik stund, avsluttar han.

Les meir i papirutgåva