Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

Barnehagen, som ligg på Sæbø i Høyanger, vart bygd i 1992, og er dermed snart 30 år gamal. (Foto: Anne Lene Hansen)

Skal rehabiliterast for 12 millionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 10. mai 2019

Rehabiliteringa av Olderdalen barnehage skal gå som planlagt. Det er klart etter at kommunestyret behandla saka torsdag.

Frå administrasjonen var det nemleg føreslått å utsetje rehabiliteringa til 12 millionar kroner, til ein hadde konkludert på kapasitetsbehovet sitt.
– Høyanger kommune bør ikkje setje seg i ein situasjon der ein har gjennomført eit omfattande og dyrt prosjekt, for deretter å konkludere at behovet ikkje var der, meinte rådmann Kjellaug Brekkhus. I staden gjekk ho inn for at kommunen nytta omlag 500 000 kroner på å utbetre arbeidsmiljet til personalet i barnehagen, i påvente av endeleg avgjerd om rehabiliteringa.

Men det ville ikkje fleirtalet i kommunestyret vere med på.
– Det kom overraskande på oss då forslag om å utsetje rehabiliteringa kom, og at det igjen vart vist til rapporten frå Telemarksforsking . Vi kan ikkje sjå at den rokkar ved det faktum det sbart 30 år gamle bygget treng rehabilitering, sa Kristin Sagerøy Råsberg (Ap).

Ho viste til administrasjonen hadde lagt fram tre alternativ; 1) å setje i gong rehabilitering, 2) å utsetje den eller 3) å ta den i to omgangar. Det siste meinte ho var uaktuelt, ettersom det ville fordyre prosjektet. Ho kunne heller ikkje sjå at det vart billegare å utsetje det.
– Vi har budsjettert og lova rehabilitering, og då må det gjennomførast. Tilsette, born og foreldre har også planlagt for rehablitering frå hausten, sa Råsberg.

Geir Helge Østerbø (Sp) var blant dei som gjekk inn for å utsetje rehabiliteringa.
– Vi støttar rådmannen si tilråding. Vi greier å gje eit godt tilbod til brukarane i tettstaden likevel. Faktisk er det ikkje bruk for så mange plassar. Det er også fort gjort å setje i gong rehabilitering om ein skulle få det, sa han.

Han fekk støtte hos Monica Sunde Tjønnås (H).
– Vi har også gjort erfaringar med overskridingar i andre, liknande prosjekt. Eg veit ikkje kva ord eg skal bruke om rehabiliteringa av skulen i Vadheim, men der gjekk det «over stokk og stein», sa ho.

Med 13 mot 8 røyster vart det imidlertid vedteke at rehabiliteringa skal gå som planlagt. Ap og Raudt røysta for, Sp, H og KrF i mot.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord