Nytt liv i Ikjefjord


–Vi hadde sett etter gardsbruk i over 20 år, utan å finne det vi villle ha, seier Ståle og Hilde Møller. Men det var før dei kom til Ikjefjord.

Ikjefjord grunnkrins på Høyanger sørside tel i dag rundt 75 innbyggjarar. Ikjefjord grunnkrins på Høyanger sørside tel i dag rundt 75 innbyggjarar.

Ekteparet tek i mot oss i tunet på Myren gard, som ligg omtrent midt i den vesle bygda på sørsida av Høyanger kommune. Det er tidleg morgon, og Ikjefjord er i ferd med å vakne til liv. Sjølv har dei allereie planane for dagen klare. Om ikkje lenge må dei avgarde for å kjøpe inn målinga dei treng til eine bustadshuset på garden, som dei er i gang med å restaurere.

Ståle og Hilde Møller fortel at dei var ute etter gard på ein liten, roleg stad – helst ved fjorden. Den måtte også liggje avsides til, det vil seie utan gjennomgangstrafikk.

– Vi hadde også ønske om nærleik til fjell, sidan alle vi i familien er glade i å jakte og fiske. Og alt dette fann vi her, i Ikjefjord, seier ekteparet og smiler.

Til no har dei hatt adresse på Sokn, som ligg i Rennesøy kommune, ein liten køyretur på 15-20 minutt frå Stavanger. Men om ikkje lenge blir den endra til Ikjefjord. Med seg tek dei også firmaet sitt, som begge to jobbar i. Tilsaman er dei fire tilsette i Byggfirma Møller, som reiser omkring i store delar av sør-Norge og byggjer hytter. Ståle fortel at dei har oppdrag frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

– Det var også gjennom firmaet at vi vart kjend med dette området. For eit par år sidan bygde vi hytte i Ortnevik, ikkje langt her ifrå. Då var vi mykje her oppe, og vart også kjende med ein heil del folk. Så ville tilfeldigheitene det slik at ikkje lenge etterpå såg vi garden som var til sals i Ikjefjord, og vi bestemte oss med ein gong for å reise opp att og sjå på den, seier han.

Og garden viste seg å ha alt dei var ute etter.

– Då hadde vi sett etter gard i meir enn 20 år. Blant anna var vi og såg på ein ikkje langt herifrå, i Hyllestad, men utan at det vart noko kjøp. Men så dukka altså Myren gard opp, og vi trengde ikkje lang tid på å bestemme oss. Skulle draumen om vår eigen gard bli ein realitet, måtte vi også gjere det no. Vi blir jo ikkje yngre med åra, seier Hilde og ler.

Les meir i papirutgåva