Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Klargjering av nytt bord. F.v.: Ove Losnegård, Ole Hegg og Vegard Rake Hegg.

Nytt liv i gamal båtverkstad

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 21. februar 2020

I fleire tiår dreiv Agnar Wærholm båtverkstad på Wærholmen, der han blant anna bygde færingar. No vil svigersonen Tom Peder Jakobsen få den i gang att.

– Sidan tidleg på 1960-talet bygde han båtar i verkstaden, som han selde. Det gjorde han åleine. Han skar sitt eige tømmer for å byggje verkstaden, som han fann i Åsen, ikkje langt herifrå, fortel han til Ytre Sogn.

Han dreiv verkstaden i over 40 år.

– Han trappa imidlertid ned på slutten, og etter at han gjekk bort i 2007 har verkstaden ikkje vore særleg i bruk.

Sidan tok dottera Laila Wærholm, som han er gift med, over staden nokre kilometer vest for Lavik.

– Vi fann ut at om vi skulle ta vare på den var det ikkje nok å vere der når vi hadde fri. For å kunne leggje ned ein større innsats måtte vi busetje oss der.

Tanken er nemleg å skape eit miljø rundt båtbygging, slik at ein held tradisjonen ved like. Om ikkje er han redd den vil døy ut. Og i helga var det første kurset i den gamle verkstaden, rett vest for Lavik. Til å leie det henta han inn Ove Losnegård, som har lang erfaring i faget.

– Vi var vi seks personar, alle lokale, som brukte helga til å pusse opp den eine båten som svigerfar bygde. Til det brukte vi- sjølvsagt – gamalt verktøy og gamle teknikkar

Og Jakobsen har planar om fleire slike kurs i vinterhalvåret.

– Det neste blir eit kurs i årebygging, etter planen i oktober. Men etter kvart blir det lenger kurs som går over tre-fire månader, der ein byggjer heile båten. Men det blir ikkje før i februar neste år. Vi tek det sakte, men sikkert, understrekar han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Båten er reparert, og det står att å skrape og impregnere den. F.v.: Vegard Rake Hegg, Ole Hegg, Frøydis Akse, Arvid Vedå og Tom Peder Jakobsen.
Den gamle båtverkstaden på Wærholmen, vest for Lavik.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord