Nyrstar-stopp råkar fleire bedrifter


Produksjonsstoppen hos Nyrstar råkar fleire bedrifter i Høyanger.

- Dei har vore ein viktig kunde for oss i fleire år, og som vi har samarbeidd tett og godt med, seier avdelingsleiar Åge Nesse hos Bilfinger i Høyanger til Ytre Sogn.



Han fortel at dei har vore inne hos Nyrstar på alt frå større revisjonsstoppar, til mindre vedlikehaldsoppgåver. 



- Det har såleis variert kor mange tilsette vi har hatt hos dei. I nokre periodar har det ikkje vore nokon i det heile, i andre har vi kanskje vore oppe i ti. Dei har uansett vore viktige for oss, ved at vi har vore tett inne i drifta deira, seier han.



Bedrifta hans tel 35 tilsette og held - til liks med Nyrstar - til inne på Hydro sitt område.



- No har vi hatt færre jobbar for dei sidan i sommar, men har greidd å sysselsette alle tilsette i Bilfinger likevel. Så på kort sikt vil vi nok greie oss. Men kva det betyr på lenger sikt er vanskeleg å seie. Då må vi finne andre jobbar som erstattar dei, seier Nesse, men håpar at det ikkje blir nødvendig.



- Vi både håpar og trur at det framleis blir aktivitet hos dei, anten i regi av Nyrstar eller andre. Bedrifta er ganske enkelt for bra til at det berre kan stoppe opp, seier han.

- Vi både håpar og trur at det framleis blir aktivitet der, anten i regi av Nyrstar eller andre, seier Åge Nesse hos Bilfinger i Høyanger.