Nyrstar byggjer ut for 30 millionar


Utbygginga som for tida pågår hos Nyrstar Høyanger vil doble produksjonskapasiteten deira, frå 24.000 til 50.000 tonn i året.

Tilsaman investerer Nyrstar meir enn 30 millionar kroner i anlegget sitt i Høyanger, i ei utbygging som er planlagd i to fasar, Blant dei som får ta del er fleire lokale bedrifter, som Bilfinger, Per A. Øren og Østerbø Maskin.

– I dag ligg produksjonen på 24.000 tonn i året. Når vi har gjennomført det som er fase 1 av utbygginga, som vi held på med no, er det forventa ein auke til 37.000 tonn, seier Jon Helge Olset, som er prosjektleiar for utbygginga, til Ytre Sogn.

Siste par åra er anlegget Høyanger bygd om for å behandle biproduktet som hovudsakleg kjem frå Nyrstar Budel. I tillegg til sinkhaldig masse, vert det også teke ut andre store verdiar, som gull, sølv og kopar, noko som skjer ved bruk av såkalla plasmaomn-teknologi.

– For å utnytte kapasiteten til denne omnen, aukar vi no kjølesystemet vesentleg. Det betyr at vi blant anna hevar tårnet på fabrikkbygget med fem meter. Det same gjer vi med taket, for å gje plass til det nye, større kjølesystemet, forklarar Olset.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!