Kjellaug Brekkhus blir om ikkje lenge ny rådmann i Høyanger kommune. Ho kjem til aluminiumsbygda med stor kunnskapsbreidde etter eit langt liv som samfunnsutviklar.
–Driven kjem frå ei genuin interesse for samfunn og utvikling, seier Kjellaug Brekkhus. – Arbeidet og verva mine har vore så interessante at eg ikkje har sett på det som noko arbeid. I ettertid kan eg sjå tilbake og sei; «Hjelp, var det mogleg å handtere alle dei tinga?»Kjellaug kjem frå Voss, der ho budde i meir enn 30 år. Ho vaks opp på Eidslandet i Vaksdal kommune, men der har ho ikkje vore attende sida ho var 16 år. Les meir i Ytre Sogn tysdag