Ny kvardag for bilistane på E39


– Det vil bli ein heilt annan kvardag for dei mange som brukar vegen mellom Vadheim og Sande, når flaskehalsar som den ved Økslandsvatnet forsvinn, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen til Ytre Sogn.

Men den er ikkje einaste som medfører at reisetida no blir vesentleg kortare for dei som køyrer E39 mellom Vadheim og Sande. Tilsaman 9,1 kilometer ny veg kan takast i bruk etter opninga førstkommande måndag, no som parsellane Dregebø-Grytås og Birkeland-Sande i Gaular kommune på det nærmaste er ferdige.

– Det vil bety mykje, ikkje minst for dei som brukar vegen dagleg. Ein ting er at vegen blir korta ned med tre kilometer. Ein annan er reisetida, som blir vesentleg kortare. Spesielt når det er mykje trafikk, som når folk pendlar til og frå jobb – av dei også mange frå nabokommunen Høyanger. Vi snakkar fort om minuttar no som fleire flaskehalsar er borte, ikkje minst den ved Økslandsvatnet. No går vegen utanom, gjennom den 760 meter lange Økslandstunnelen, og trafikken kan halde 80 km/t heile vegen utan å måtte stoppe opp for møtande trafikk, slik ein har måtte til no. Så det blir ein heilt ny kvardag for både pendlarar og andre, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale hos Statens vegvesen til Ytre Sogn.

160 i aktivitet


Det har no gått vel to to år sidan hovudentreprenør AF kom i gang på E39 mellom Vadheim og Sande, og på det meste har dei hatt 150-160 personar i aktivitet på veganlegget, som har ein prislapp på totalt 680 millionar kroner. Vegvesenet har på si side vore oppe i 11-12 personar.

Ifølgje Dale har dei greidd å halde framdriftsplanen, sjølv om arbeidet også har vore krevjande.

– Det siste gjeld ikkje minst den sørlege parsellen, Dregebø-Grytås, der mykje av arbeidet har føregått anten tett ved dagens E39 eller dels på. Unntaket har vore tunnelen, seier han.

Det har også vore ein del sprengingsarbeid på denne parsellen.

– Ved Dregebøvatnet, lengst sør, er rundt 300 meter av vegen lagt ut i vatnet. Det innebar at vi først måtte ta opp muddermassen på botnen av vatnet, for å komme ned til fast masse. Det gjorde vi først på åtte meters djupne, fortel prosjektleiaren.

Enklare i nord

Den nordlege parsellen Birkeland-Sande har vore enklare, i den forstand at meir av arbeidet har føregått utanom dagens E39. Rundt tre kilometer av den følgjer ny trasé, opplyser Dale. Unntaket er på byrjinga og slutten av parsellen.

– Men også her har det vore noko sprengingsarbeid, som har medført vegstengingar på inntil ein halvtime om gongen.

– Ja, korleis har bilistane handtert det?

– Eg vil seie at det også har gått rimeleg bra. Det vil alltid vere utfordringar i byrjinga, innan bilistane har blitt vande til det. Men det har gått seg til her også, og dei har stort sett oppført seg fint. Dei har vist forståing for at dette må til for at det skal bli ny og betre veg. Og no som vi er omtrent ferdige er slikt gløymt.

Han fortel at det meste no er klart til måndag, som finn stad nord for Sande. Opninga er det statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdsledepartement som vil stå for.