Ny dagleg leiar i Framtidsfylket


Linda Hovland er tilsett som ny dagleg leiar i Framtidsfylket.

– Å få moglegheita til å jobbe for heile fylket og marknadsføre det spennande næringslivet vi har i Sogn og Fjordane, er eit ærefullt oppdrag. Seier den påtroppande leiaren, Linda Hovland, i ei pressemelding.

Hovland er frå Dale i Sunnfjord og har dei seinare åra jobba i HAFS Utvikling og Fjaler Næringsutvikling. Før det var ho i Selja Forlag og har også erfaring som dagleg leiar i to bokbutikkar i Dale og Bergen. I tillegg er ho sterkt engasjert i lokalsamfunnet, mellom anna i idrettslaget og med eigen revy.

Styreleiar i Framtidsfylket, Leon Bakkebø, er svært nøgd med valet styret har gjort.

– Linda har eit breitt nettverk og kjenner godt til næringsliv, næringsstrukturar, utviklingsarbeid og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Ho har god erfaring med forretningsutvikling i ulike bransjar, noko som vil vere ei nyttig erfaring å ta med seg til jobben i Framtidsfylket, seier Bakkebø.

Ho tek over jobben etter Gro Rukan, som har sete i stillinga sidan januar 2013.