Ny attraksjon i Kvernsteinsparken


Med Trollstien har Kvernsteinsparken i Hyllestad denne sesongen fått ein ny attraksjon, retta mot familiar med små barn.

– Vi såg etter ein måte å formidle historia om steinbrota i Hyllestad til barn. Det må gjerast på ein annan måte enn til dei vaksne som besøkjer oss. Vi tenkte at det å ha med troll i historia var ein måte å gjere den spennande på, og slik vart det, fortel avdelingsdirektør Franziska Rüttiman, som hadde idéen til det heile, til Ytre Sogn.

Dei som vil gå Trollstien får utdelt eit hefte når dei kjem til resepsjonen, og ved hjelp av det skal dei få finne skatten til Kvernsteinstrollet, som søv om dagen og jobbar om natta.

– Men først må dei løyse oppgåver i løypa som tek dei rundt steinbrota - det vi har kalla Trollstien. Finn dei skatten, vil dei også få sjå Kvernsteinstrollet

For dei handlar det også om å finne nye måtar å trekkje folk til det som er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtid og mellomalder i Skandinavia.

– Det er noko vi jobbar med heile tida, og som vi håpar at også Trollstien kan bidra til, seier Rüttimann.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Før barna får sjå Kvernsteinstrollet må dei løyse oppgåver i løypa som dei rundt steinbroyta - den såkalla Trollstien.