Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Underskot for Hydro i Høyanger

Publisert: 5. juni 2019

Onsdag la Hydro i Høyanger fram eit underskot før renter og skatt på 21 millionar kroner. Ifølgje fabrikksjef Stian Tangen er resultatet prega av framleis høge råvareprisar og låge prisar på aluminium, men produksjon og drift i Høyanger fortset å levere.
– Vi legg bak oss eit kvartal med godt tryggleiksarbeid, stabil produksjon og presise kundeleveransar. God etterspurnad etter valseblokker til bilindustrien gir full produksjon i støyperiet, og kundane våre gir oss gode tilbakemeldingar på kvalitet, og vi leverer alt vi klarar å produsere, seier han i ei pressemelding.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord