Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Opnar E39 i ettermiddag

Publisert: 1. august 2019

E39 Førde – Skei opnar med styrt trafikkavvikling kl. 17.00. Oppryddingsarbeidet har gått raskt takka vere solid innsats frå entreprenørane.
-Maskinane har gått både dag og natt for å rydde opp i dei mange rasa på E39, og me vil takke entreprenørane for formidabel innsats for å rydde både europavegen og dei andre vegane i fylket, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen. Det kan vere nokre parti med innsnevring i vegbana og mellom Grimsbø og Moskog blir trafikken leia forbi i kolonne. Finden oppmodar folk til å visa omsyn for dei som jobbar, vere oppmerksame og følgje skiltinga. Sjølv om vegen blir opna no i ettermiddag gjenstår noko arbeid, så det er naudsynt å stenge vegen i natt frå 23.00 til 06.00 for at entreprenørane skal få gjere seg ferdige.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord