No tek helsestasjonen i bruk el-sykkel


Frå no skal tilsette ved helsestasjonen i Høyanger bruke el-sykkel når dei ferdast rundt i sentrum.

– Det byrja med at vi fekk 5.000 kroner i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som støttar denne type miljøtiltak, mot at vi sjølve løyvde tilsvarande beløp. I tillegg fekk vi 5.000 kroner i såkalla HMS-midlar frå kommunen. Det var nok til å kjøpe el-sykkel hos Sport’n Høyanger, som hadde gitt oss eit bra tilbod, seier Elisabeth Sæbø og Silje Marie Litzheim Martinsen, høvesvis leiane helsesjukepleiar og helsesjukepleiar i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.

Og nyleg var dei på plass i butikken for å hente den nye sykkelen.

– El-sykkel er noko vi har ønska oss lenge, og planen er å bruke den når vi har oppdrag rundt om i Høyanger sentrum. Vi har blant anna ein del heimebesøk, og det er positiv for både miljø og helse at vi då tek el-sykkel, i staden for bil, seier dei.

Ved å la bilen stå bidreg dei til å redusere Co2-utsleppa. Dei sparar også kommunen for kilometergodtgjersle.

- Og så er det godt for eiga helse, seier dei to, og oppmodar no andre bedrifter - inkludert kommunen - til å gjere det same.