No skal Vadheim få frisbeegolfbane


– Vi har lyst til å leggje til rette for ulike aktivitetar på eit sentrumsnært område i Vadheim, seier Ingunn Indrebø. No er dei i gang med å lage det som skal bli ei frisbeegolfbane.

Tysdag denne veka var rundt 20 personar med og rydda området på Øyrane, aust for Hovlandselva, der frisbeegolfbana skal vere. -

Idrettslaget har eit anna område oppe på Tangen, blant anna men tursti. Men vi ønska oss eit meir sentrumsnært område, med andre typar aktivitetar, og bestemte oss for å lage til frisbeegolfbane her på Øyrane. Slike baner er ikkje så mange av, i alle fall ikkje her i distriktet. Frisbeegolf er dessutan ein aktivitet som passar for alle, unge som gamle, seier Ingunn Indrebø.

Det er ho, i lag med Arve Ove Gjermundstad og Inger Anette Vik Olsen, som har teke initiativ til det heile. Sistnemnde er også eigar av området, men har stilt det til disposisjon for Vadheim idrettslag, som vil ha ansvaret for det. Les meir i Ytre Sogn fredag!

Dei tre initiativtakarane Inger Anette Vik Olsen (f.v.), Arve Ove Gjermundstad og Ingunn Indrebø.