Lokale nyhende frå Ytre Sogn 29. februar 2020
Ytre Sogn 29. februar 2020

I over 20 år har Lasse Brekke i Ortnevik skrive vekemeldingar som han har delt med familien sin.

No har Lasse sine månadsmeldingar vorte til bok

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 3. februar 2020

– Dette er ikkje mitt verk åleine, men eit fellesprosjekt med kona og bygda elles, seier ein audmjuk Lasse Brekke og viser fram boka «Månadsmeldingar frå Ortnevik og Strendene 2007 – 2017»

I over 20 år har Lasse Brekke i Ortnevik skrive vekemeldingar som han har delt med familien sin.

– Det starta som ein bagatell i mine auge, men det var ikkje alle samde i, smiler Lasse Brekke til Ytre Sogn.

Etter at han vart pensjonist, kjøpte han seg datamaskin. Å lære seg dette nye verktyet var ikkje det største problemet, men heller å finne noko fornuftig å bruke den til. Han og kona Gerd har fem born som bur spreidd over heile landet. Han fekk difor ein idé om å skrive vekemeldingar om laust og fast både frå garden og bygda som born og barneborn kunne få ta del i.

Svigerdotter til Lasse, Tove Lofthus, var initiativtakar til ein idédugnad og forteljarkveld i 2007. Ho ønskte å skape blest om bygda og det som er det rotekte i eit lokalsamfunn, der fortid og notid saman skapar framtida. Etter denne kvelden starta Ortnevik grendelag og Solrenning 4H-prosjektet «Kultur, natur og næring i Ortnevik». Lasse vart oppfordra til å skrive månadsmeldingar frå Ortnevik og Strendene der han også tok bilete. Dette sa han ja til og har i 10 år samla inn meldingar og nyhende frå andre i tillegg til det han har skrive sjølv.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord